draopar

Draopar er dialekt for dråper. Hjå Draopar AS vert friske draopar av eplesaft  til
fantastisk sider og eplemost frå Eidfjord i Hardanger. 

Litt om draopar

 Draopar er Eidfjord sitt fyrste sideri. Som vanleg skil me i Eidfjord oss ut frå resten av Hardanger også når det gjeld siderproduksjon, Draopar har nemleg starta i feil ende. Draopar starta opp på ein gard som ikkje lenger er gard. Ein gong i tida var det mange epletre på garden, både Gravenstein, Raud Torstein og Bramley saman med både pærer, plommer og moreller. 

Vel det er ikkje heilt sant at me ikkje har epler, me har nemleg eit rundt 80 år gammalt Bramley epletre. Eit år det var svært mykje epler bøygde heile treet seg, så no veks det bortover, men det gir framleis god avling. Epletreet vårt er såpass spesielt at det har fått ein plass i logoen til Draopar, sideriet som starta kun med 1 skeivt gammalt epletre…

Så kvifor starta me å laga sider når me ikkje hadde gard eller epler? 
Jan som er frå Lofthus har sider i blodet, og har i mange år laga god sider i kjellaren. Og det er eigentleg alt me ynskjer, å laga god sider og la fleire få smaka. Så får det heller bli litt i feil rekkefylgje. Men det har ordna seg med både gard og epler så no er me sjølvforsynte. Så det er mogeleg å laga sider i Eidfjord også....


Epletre med stige
om oss

Draopar vart skipa i 2022 og held framleis på å finna ut av korleis me skal vera. Jan Hauso er dagleg leiar, og driv saman med Bergljot Maria Veivåg Hauso. Nytt i 2025 er at me har fått ny medeigar; Kari Lægreid! Saman med Kari og mannen Jonas Mong vil det no vera oss fire som driv Draopar. Med oss på laget har me Ole Johnny Odland som har ansvar for salg og sidersmaking. Med ekte bønder med på laget er det på tide å flytta til ein ekte gard. I 2025 har me difor flytta all produksjon opp i Tråavegen 11. Me har også fått kommunalt salgsløve har gardsutsalg i den gamle mostova på garden. Her kan du helsa på sauer, hestar, høner og ender. I tillegg håper me å kunna selja ulike produkt frå garden på sikt og koma i gang med planting av epletre.