sider i eit historisk perspektiv
Sider er ikkje eit nytt produkt sjølv om det er veldig i vinden for tida, faktisk har sider vore tystedrikka og festdrikka i lange tider
.
kjellarsider
Eivind
Gangdal skriv i «Siderboka» (2022): "Siderdunkane har putla og gått i
kjellarane i Hardanger så lenge ein kan minnast, og sideren har hatt sin
naturlege plass som tystadrikke eller attåt god drøs i helgene. Til bryllaup og
andre festdagar måtte det ekstra god sider på bordet. På dans i ungdomshuset stod han gjerne under
bordet. Men då lokal tradisjonsmat med ei god historie vart viktig for å lokka
turistar til landet, kom sideren opp frå kjellaren".
I
Hardanger har det vore ein tradisjon å laga sider i kjellaren på fruktgardane
rundt om. Sideren vart sett på tretønner eller glassballongar. Tradisjonen med
siderlaging var nok sterkare lenger ute i fjorden enn i Eidfjord. «Kjellarsideren»
var ofte mørkare (meir oksidert), søtare og sterkare enn den sideren folk flest
har blitt kjend med i dag.
Kjellarkulturen med at ein laga seg ærend i
kjellaren for å kunna ta ein påtår er vel på veg til å dø ut.
Frå eple til sider
Det er usikkert når sider av eple vart fyrst laga i Norge, men heilt tilbake i Osebergskipet (850 e.kr) var det funne 54 eple så vikingane hadde tydeligvis befatning med epler. Ein veit ikkje sikkert men det vert påstått at klosterlivet og munkane har hatt ein påverknad på historia til siderproduksjonen.
Frankrike og Spania byrja å nytta bitre eple til sider, og
den dag i dag er dei epla som vert omtala som siderepler i desse landa mykje
bitrare enn dei me normalt nyttar her til lands.
Bramley Seedling
er eplesorten som er treet i logoen til Draopar og er det mest typiske mateplet i Norge. Gangdal
skriv at sorten er over 200 år gammal og kjem frå England. Bramley har eit høgt
syreinnhald som gjer at det kanskje er for spesielt interessert å ete åleine,
men fungerer kjempegodt til eplekaker, eplemos og ikkje minst sider. Bramley
held seg godt på lager og kan godt etast rundt påsketider. Draopar si erfaring
er at når me tilset Bramley i sideren vert sideren klarare og får ein veldig
god smak.
Normandie - hardanger
Den
jobben som er gjort i Hardanger med å få sideren opp og fram i ljoset har fått
god drahjelp frå sider- og calavados produsentar i Normandie, samt sidermiljø i
Danmark, England og Tyskland.
Draopar har vore på besøk på sidergardar i
Normandie og fått ein innblikk i deira måte å dyrke eple og produsere sider. Her
er epletrea høge og eplene vert hausta frå bakken, dei tilset ikkje sukker i prosessen.
Sider frå Hardanger er ei
geografisk beskytta neming, Draopar sin sider har ikkje gått inn i denne
merkeordninga førebels.
Kjelder:
"Siderboka" - Eivind Vangdal 2022
"Sidereventyret" - C. Aasen, B. Bucher-Johannessen og E. Haalien 2022
"Sider - en sensorisk reise fra epletreet til matbordet" - Thor Oddvar Havn 2024
www.siderklynga.no